mar
13
2013

Framsida

VELKOMMEN TIL HOLTANE HYTTEGREND.

Holtane Hyttegrend er kanskje fylkets mest spennande område for deg som går med planar om ny hytte. Ferdig utbygd vil heile området bestå av ca 90 einingar.

Holtane hyttegrend ligg like ved Jølster skisenter, Sunnfjord golfklubb, butikk cafe, elva Jølstra med rafting og fiske og med utsikt over Jølstravatnet

Preparerte langrennsløyper går gjennom feltet til Gjesdalen og fjella omkring .

Tomtene i Holtane er store og ligg i eit kupert terreng der det er lagt inn mykje friareal slik at det blir god plass mellom hyttene.

I tillegg til skisenteret, kan Jølster by på flotte opplevingar for deg som er glad i naturen, sommar som vinter. Jakt og fiske, golf og rafting er blant tilboda du kan nytte deg av. 75 km frå Florø, halvannan time frå Sogndal, 20min frå Førde og ca tre timar frå Bergen.

12 tomter er selde og mange flotte tomter er igjen.

Vegar, VVS anlegg og strøm er ferdig til ca 60 av tomtene feltet, med kulvert (tunnell) under skibakken og trekk  .

Fire hytter er tatt i bruk og fleire er under arbeid/planlegging.

Ta turen til Jølster og Holtane hyttegrend og sjå det flotte området og den fantastiske utsikta frå di drøymetomt

Ta gjerne kontakt så blir vi med og informerer om tomter,hytter osv.

Sjå bilder frå utbygginga i bilde galleriet

For meir informasjon om tomter, hyttetypar og prospekt i Holtane Hyttegrend, sjå http://www.jolsterbygg.no/ eller bruk vårt kontaktskjema