Holtane juni 2010 33.jpg

Aktivitet for alle

Jølstravatnet er blant dei beste fiskevatna i Noreg. Fiskekort til elvar og vatn får du kjøpt på Jølstraholmen Senter, som ligg like ved skisenteret og golfbana. Mange tar turen til Jølster om hausten for å delta i rype- eller hjortejakt. Andre vil kanskje heller gå i fjellet og plukke bær. Her er det rikeleg med turstiar og villmark å utforske sjølv for den kresne.

Holtane hyttegrend ligg inntil Jølster Skisenter, som er regionalanlegg for alpint. Bakken har snøproduksjonsanlegg til preparert nedfart og trekk til frikøyringsområde med laussnø. Etter avkøyring frå E39, på veg opp i hyttefeltet, passerer du søndagsopen daglegvarebutikk, bensinstasjon, kafé, elva Jølstra og Sunnfjord Golfklubb. Her er også lysløype for langrenn, og det er merka ruter til Gjesdalsstøylen og Kvamsfjellet. Ved alpinbakken er varmestove med kiosk, og der er utleige av ski og snøbrett.

Området byr også på mykje meir. Dersom du er interessert i kunst og kultur, har du kort veg til Astruptunet, Eikaasgalleriet og Jølstramuseet. Ein tur på Audhild Vikens Vevstove freistar også mange besøkande til Jølster.

kart holtane2.png