des
22
2008

Hyttetypar

JB Hytta

JB Hytta

JB-hytta - med røter i Vestnorsk tradisjon og byggjeskikk JB-hytta eit moderne hyttesystem med grunnlag i god vestlandsk tradisjon og byggjeskikk. Hyttesystemet er utvikla med inspirasjon frå dei gamle sperrestovene som var ein viktig del av bustadbygginga på slutten av 1800-talet og fram til første del av 1900-talet. Typiske kjenneteikn er kraftige betar tvers over opphaldsrommet, ljore i mønet, luftige rom med god takhøgd, og hems over ein del av huset.
Ålhytta

Ålhytta

Ålhytta - Ei arkitektonisk perle Ålhytta er bygd på same prinsipp som den tradisjonelle norske stavkonstruksjonen, med eit bærande skjelett av dragarar og søyler, med utfyllande veggelement. Utvendig spelar Ålhytta på lag med landskapet og glir godt inn i terrenget, enten det er i havgapet, på fjellet eller i skogen. Ålhyttas reinheit og stramme enkelheit blir forsterka av dei langsgåande vindauga som henvender seg til landskapet, opnar hytteveggen og tek imot deg med lune smil. Ålhytta har fått fleire utmerkingar. Ho er mellom anna nominert som eit av 25 kulturminne frå det 20. hundreåret som bør fredast av UNESCO for ettertida. På slutten av 2007 var ein jury i sving med å kåre dei viktigaste byggverka i norsk https://kasinok.net, etterkrigstid, her kom Ålhytta på 8. plass.
Norøn Hytta

Norøn Hytta

Norøn hytter Norøn er eit byggjesettprogram for tradisjonell bygging med pre-cut system. Hyttene kan leverast i 10 ulike storleikar frå 48 til 95 m2. Dei kan i stor grad tilpassast tomt og kunden sine behov. Systemet passar godt for den som vil gjere ein stor eigeninnsats under bygginga.